Familiedag i Årvika 

Familiedagar i Årvika friluftsområde 30.7-1.8 kl. 12-18

Familiedag

Kom og test ein kajakk, supp-brett og windsurfing.

Vi har gode instruktørar som er flinke med barn og med dei som treng tilrettelagt aktivitet. Austrheim idrettslag - padlegruppe tar deg med på korte padleturar og viser deg lure triks til god kajakkpadling. Bjarte Næss gir deg instruks i korleis du kan stå på windsurfingsbretta våre.

Denne dagen er for alle uansett alder og funksjonsnivå.

Vi har ein del våtdrakter og redningsvest til utlån, men ta gjerne med eigne. Du får ikkje låne utstyret vårt utan at du har på redningsvest. Dette gjeld dei vaksne og..

I Årvika friluftsområde kan du spele frisbeegolf, og gå tur til Vardetangen - Noregs vestlegaste fastlandspunkt.

I Årvika friluftsområde er det frisbeear du kan låne.

Meir info om Årvika og turen til Vardetangen.

Mat og drikke

Hege Ramsland kjem og har sal av bakevarer, blingsar og brus.

Som i fjor blir det sett ut grillar slik at du kan grille medbrakt mat om du ønskjer det.

All aktivitet er på eige ansvar. Nordhordland Røde Kors er til stades, det er båt som følgjer med på aktivitetane på sjøen, og ungdommar som er kursa i førstehjelp.

Ta med redningsvest. Vi har nokre redningsvestar og våtdrakter som du kan låne, men kan ikkje garantere at vi har nok til alle.

Ingen aktivitet utan redningsvest.

Overnatting

Det er moglegheit for overnatting i telt i Årvika friluftsområde for dei som ønskjer dette. Det er toalettfasilitetar i Årvika. Ikkje tilgang til ferskvatn.

 Årvika friluftsområde & parkering


Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang