Familiedagar på Mastrevik kai 

Familiedagar på Mastrevik kai 6-8. august kl. 12-18

Ta turen ned på Mastrevik kai. Du kan låne kajakkar, kano, lille kylling og stand up padleboard.

Du kan hoppe på vasstrampoline, verte skutt ut  av katapulten vår, springe i hamsterhjul, prøve hoppe/ klatretårnet vårt og hinderløypa, alt på sjøen. 

Du kan sitte på tube bak båten vår.

Du kan løpe/gå i vannballane som er nye i år. 

Alle aktivitetar er GRATIS.

For dei minste har vi sandkasse, små plaskebasseng og to basseng med rutsjebane.

 

Mat og drikke 

Kafé med Hege Ramsland - det blir sal av hot-dog, pizza, blingsar, vaflar, brus, is og ein del bakevarer.

Som i fjor blir det sett ut grillar slik at du kan grille medbrakt mat om du ønskjer det.

All aktivitet er på eige ansvar. Nordhordland Røde Kors er til stades, det er båt som følgjer med på aktivitetane på sjøen,  og ungdommar som er kursa i førstehjelp.

Ta med redningsvest og våtdrakt. Vi har nokre redningsvestar og våtdrakter som du kan låne, men kan ikkje garantere at vi har nok til alle.


Har du ikkje redningsvest på får du ikkje lov å bruke utstyret vårt. Gjeld vaksne òg.

                                     Parkering - parker ved Austrheim vidaregåande skule.
Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang